Hopp til hovedinnhold
Bilde
Publisert 25. februar 2016 | Oppdatert 24. februar 2016

Anne-Mette Ringdal

Bilde
er tilsett som HR-leiar i Oslo Katolske bispedømme for eit år frå 30. mars. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har variert leiarerfaring frå statleg sektor, sist frå stillinga som kontorsjef i Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV) med arbeidsområde arbeidsmarknadspolitikk. Anne-Mette Ringdal har tidlegare arbeida i Samferdselsdepartementet og Fornyingsdepartementet.

Ho har òg erfaring som frivillig i St. Olav menighet, m.a. medlem av soknerådet, norsklærar og koordinator for Kulturdagen.

HR står for Human Resources og handler om korleis organisasjonen tek hand om  og utvikler dei tilsette. Anne-Mette Ringdal vil bidra med å lage gode system og prosessar for OKB, mellom anna ny personalhandbok, i tillegg til å støtte sokna (menighetene) i spørsmål om personal- og arbeidsgivarforhold.

–Eg gler meg til å starte arbeidet i lag med nye kollegaer i slutten av mars, seier Anne-Mette Ringdal til katolsk.no.

Mer om: